Bremanger Paintball klubb
Vil du reagere på denne meldingen? Registrer deg på forumet med noen få klikk eller logg inn for å fortsette.

Kjøp eller leige av reballhall?

Go down

Kjøp eller leige av reballhall? Empty Kjøp eller leige av reballhall?

Poste  Viper Søn Jun 08, 2008 1:44 pm

Kjøp eller leige av Reballhall?

Hei.

Eg sletta dei andre trådane angåande Reball hall og skal lage til ein skikkelig tråd med all info vi trenger.

Det eg har funne ut så langt er at det er utrulig dyrt og kjøpe hall. Eg venter på svar fra det billigaste firmaet eg har funne til nå. Og der ligger prisen på ca 140000kr for ein hall i brukbar str. ca 20x12meter.

Det eg lurer på om vi skal gjere istaden er og få til ei fast leige avtale på gymsalen på Stryn Ungdomsskule? Den er vel ca 20x12 meter? Kan noken få sjekka nøyaktige mål på den?

Så kan vi ha faste reballspelingar annakvar veke i den.

Vi kan og sjå på muligheten for og kjøpe kunstgrass som dekker gymsalen, så kan vi berre rulle ut rullar med kunstgrass når vi skal spele der. Det kunstgraset kan vi seinare bruke i vår egen hall.

Bilder med priser:
Alpha Discount Paintball Turf Long, Dekker 12x20meter Pris: kr 33 127,-Alpha Discount Paintball Turf Long

Reballs 10 000 stk Pris:kr 10887,-
Reballs

Reballnett 4*100meter. Pris:kr 3705,-
Reballnett

SupAir bane:
Skal snakke med Tim fra Kaupanger om vi ikkje kan få låne nokre av dekningane på SupAir bana deira, sidan dei ikkje har noken plass og sette den opp, til bruk i Reballhallen. Så kan vi ha ca 15-20 nyvaska dekningar kun til Reballhallen som alltid ligger klart.

Kan og sjå om vi ikkje får laga oss noken oppbevaringsbaggar eller ei tralle til og pakke sammen dekningane i etterpå. Har 4 oppbevaringsbaggar til vår sup air bane som vi sikkert kan bruke.


Kunstgrass:
Kor viktig er kvaliteten på kunstgrass for dokke? Finst kunstgrass som er mykje deiligare enn det der. Må påregne ca 20 000kr ekstra da.

Eg syns vi skal kjøpe kunstgrass for da blir ikkje ballane fulle av støv og dritt, så da kan vi berre plukke dei opp med ballplukker og spele på nytt uten og vaske.

Kunstgraset blir levert på rullar. Så vi berre ruller dei ut før vi setter opp bana, og ruller dei inn igjen når vi er ferdige og spele.

Paintballnett:
Det er utrulig viktig med paintballnett rundt heile bana av fleire grunnar. Vi slepp at ballar spretter overalt og vi har ei vindusrekke på eine sida som må beskyttast med nett.

Planen er og kutte opp eit nett slik at det har riktig lengde til hallen. Da blir ikkje nettet så stort og uhandterlig.

Så monterer vi opp vaierer som går langs sidene på hallen og så fester vi nettet med karabinkroker i vaieren. Da kan vaieren vere permanent.

Reballs:
Vi har fra før ca 9000-10 000 reballs av beste kvalitet dersom vi reknar med dei som er i Bremanger også.

Dei eg har skreve pris på er billige og kjøpe, men er litt usikker på om det er samme kvalitet. Viss det ikkje er det må vi kjøpe fra en norsk forhandler og da blir prisen 15700kr for tilsvaranede.

Viss vi får kunstgrass slepper vi og vaske reballane, viss ikkje må vi finne opp eit vaskesystem så vi får vaska dei kvar gang vi plukkar dei opp.

Ballplukker:
Vi har for øyeblikket en ballplukker, den minste. Vi bør kansje kjøpe ein ekstra?

Prisen for en ekstra ballplukker trur eg var ca kr 3700,-

Gymsalen:
Viss eg huskar riktig er måla på gymsalen ca 12x20 meter med god takhøyde.
Vi betalte 800kr i leige for ei helg sistgang og det er forsovidt ganske billig og heilt akseptabelt. Om 10 stk kjem og spelar blir prisen 80kr pr stk.

Her gjer vi det selfølgelig slik at dei som er med og kjøper inn ting til Reballhall nå får spele gratis kvar gong. Menst andre må betale mellom 150-200kr pr dag.

Pengane vi tener inn går til klubben, og så bestemmer vi i felleskap kva vi skal kjøpe for pengane. Det kan vere meir reballs, ballplukker, kompressor o.s.v.

Luft:
Det kjem til og bli ganske mykje speling når vi er i reballhallen. Så vi burde kansje vurdere og kjøpe ein ekstra dykkerflaske? 50 liter 300 bar? Pris: kr 6800,-

På sikt kan vi vurdere og kjøpe fleire eller kjøpe oss kompressor.

Total kostnad:
- 10 000 Reballs kr 10 887,-
- Kunstgrass kr 33 127,-
- 1 stk 50 liter 300 bars tank kr 6800,-
- 1 stk ballplukker kr 3700,-
- 1 stk paintballnett kr 3705,-
- 200 stk karabinkroker kr 502,-
- 1 stk vaier til nett kr 1500,-

TOTAL SUM: kr 60221,-

Frakt kjem i tilegg. Ca kr 5000,-

Så er det jo ting vi ikkje trenger men som er kjekt og ha:
- Ballplukkeren
- 50 liter 300 bar tank

Pris uten dette: kr 49721,-



LINK TIL KJELDE: http://www.activeboard.com/forum.spark?forumID=101917&p=3&topicID=18024578
Viper
Viper

Antall Innlegg : 84
Join date : 29.01.2008
Age : 32
Bosted : Stryn

http://non.myphpbb.eu

Til Toppen Go down

Til Toppen


 
Permissions in this forum:
Du kan ikke svare på temaer i dette forumet